Om oss
Vi er Jørgen og Maria Sellgren og vi held til på Søre Osen i Trysil kommune.
Kennel Tough In Fluff blei etablert i 2017, samme år som vi fikk vår fyrste Terrier Brasileiro i hus.
Chloè skulle egentlig berre på besøk til oss menst vi venta på valpen vår so vi fikk bli bedre kjent med rasen, men ho blei boande fast og har sidan då gitt oss mange flotte valpar både i form av barn og barnebarn som alle har vokst opp her ved Osensjøen.
Våre tankar rundt vårt oppdrett har alltid vært basert i at vi ønsker å få fram sunne og gode eksemplarer av rasen vår, men eit mål om at kvar generasjon skal være ei forbedring på den forge. Når ein driv med genetikk kan masse rart skje sjølvsagt, men vi gjer vårt beste for å ta hensyn til helseproblemer og gemytt når vi planlegger nye kombinasjoner, og vi vil aldri ha eit kull kun for å ha eit kull. Der ligg alltid ein plan og ein tanke bak valga våre.
I vår erfaring er Terrier Brasileiro ei veldig morsom rase, dei har alle store personeligheiter. Det er ei relativt høg-energi rase generelt, våre er veldig glad i late dager i sofaen, men dei treng å vå ut energien sin både fysisk og psykisk. Dei er veldig smarte, og alle våre terriere responderer veldig bra på diverse mentalt arbeid. Rasen står beskrevet i standarer som reservert mot fremmede, i våre egne hundar stemmer det med ca 50%, menst andre er ekstremt sosiale og elskar alt og alle frå fyrste sekund. Og vi prøver so godt vi kan å vurdere desse personeligheitene i valpar når vi velger heimar til dei små, men det er sjølvsagt ingen garanti med levende vesen på kordan dei vil bli som voksne. Ein stor del av det vil gå ut på kordan nye eigere jobber med dei og sosialiserer dei frå valp av.
For å lære meir om rasen kan du finne meir info her:
Terrier brasileiro - Norsk Kennel Klubb
TERRIER BRASILEIRO - FCI
Terrier Brasileiro - Norsk Terrier Klub
Terrier Brasileiro Norge | Facebook
Ellers er det berre å ta kontakt med oss for ein hundeprat om ønskelig!